Om Skyss

Skyss er ei eining i Hordaland fylkeskommune som vart oppretta i november 2007. Skyss organiserer nesten all kollektivtransport i fylket, etter dei budsjett som politikarane vedtek.

Skyss tildeler kontraktar for køyring av buss, Bybanen, snøggbåt og ferjer i Hordaland til trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss planlegg rutene, måler kvaliteten i tilbodet og følgjer opp trafikkselskapa. Informasjon om og marknadsføring av buss og bybane er Skyss sitt ansvar. For dei fleste ferje- og snøggbåtkontraktane er dette den einskilde operatøren sitt ansvar.

Skyss sitt kundesenter og rutetelefonen 177 tek imot og følgjer opp kundane sine førespurnader.

Skyss har ansvar for å setje i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Hordaland. I åra som kjem blir ei sentral oppgåve for Skyss å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket.

For informasjon om Hordaland fylkeskommune, sjå www.hordaland.no

 
 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177